• Hopp til hovedinnhold
  • Hopp til bunntekst

Folkestad Kraftverk

  • Om Folkestad Kraftverk
  • Historie
  • Kontakt oss

Ukategorisert

24. januar 2020 By beritbar

Folkestad Kraftverk

Folkestad kraftverk er et vannkraftverk i Folkestad i Volda kommune i Møre og Romsdal.

Det er et elvekraftverk som utnytter et fall på 208 meter i Storelva. Installert effekt er 1,85 MW på en peltonturbin. Årsproduksjonen er normalt mellom 5-7 GWh.

Det ble bygd et lite kraftverk på samme sted i 1913. Det ble nedlagt i 1959 og senere revet. Les mer om historien til Folkestad Kraftverk her.

Filed Under: Ukategorisert

24. januar 2020 By beritbar

160 på kraftverk-besøk

Jørgen Holte inne i Folkestad Kraftverk.

– Det vert ein støyfull, men flott dag, helsa styreleiar i Folkestad Kraftverk, Jørgen Holte, med elvesus og vassturbindur som bakgrunnsstøy.

Fredag fekk kraftverket besøk av 160 elevar frå Volda vidaregåande skule, og folkestadbygdingane er ikkje tungbedne når folk vil kome på besøk. Lokale gaidar losa elevane puljevis frå kraftverket på kote 35, til toppen av inntaket på kote 235. Heile tida med Storelva som eit susande supplement i øyra. Vel oppe diska bygdefolket opp med kortreist Brænne-saft, sjølvsagt blanda ut med vatn frå elva, frukt, og påfyll av lokalhistorie.

Spreke elevar. 160 elevar frå Volda vidaregåande skule på veg opp til inntaket til Folkestad kraftverk, i upåklageleg ver og med upåklageleg utsikt.

Livsnerve

– Elva har vore ein viktig livsnerve for innbyggjarane på Folkestad, i all tid. Her har vore fast busetnad sidan jarnalderen, kunne gaid Sølvi Bjørneset fortelje.

Storelva har vore gjenstand for maling av korn til matmjøl. I 1842 vart det bygd ei oppgangssag nede ved elveosen, og i 1913 kom det kraftverk og litt seinare ei mylne som avløyste dei mange gamle og små kvernhusa langs elva. Vatnet i elva har også vorte brukt til andre føremål, som drift av snikkarverkstad, kvern for oppmaling av bork, og til vasking av sand frå sandtaket, og også som vaskemaskin for klesvask.

– Og det er vel samtlege av den eldre garden i bygda som har teke sine første symjetak her, fortel Jørgen Holte.

Fornybar energi

Elevane ved Volda vidaregåande skule har lært mykje om fornybar energi siste tida, og besøket til kraftverket var ein del av å forstå meir av korleis ting fungerer. Turen gjekk frå kraftverket, og heile vegen opp til inntaket. Fallhøgda til vatnet er 200 meter, og røyrgata er på 1.600 meter, nedgrave i jorda.

Inntaksdammen til Folkestad Kraftverk ligg på kvote 230. Her fekk elevane ei innføring i korleis vatnet fordelar seg mellom elva og inntaksdammen. Styreleiar Jørgen Holte viste også fram innsida av kraftverket, nede på kvote 30. Årsproduksjonen er rundt 7 GWh.

– Vi er veldig stolte over å få til dette her i bygda, fortel Holte. Murane etter det første kraftverket, som var i drift frå 1913-1950, står att, like ved dagens kraftverk.

– Mykje har endra seg sidan den tida. På starten av 2000-talet starta vi å tenke på om vi ikkje kunne få til kraftproduksjon igjen, men planlegging av eit hus tek om lag like lang tid som å byggje eit. Men vi kom oss i mål, fortel Holte. Kraftverket har produsert kraft sidan 2006. Med ei fallhøgd på 200 meter, og med 0,80 meters diameter på røra. Årsproduksjon er rundt 7 GWh. Totalt har kraftverket sikra seg 41 fallrettsavtalar med grunneigarar i området

– Vatn har vore, og er veldig viktig for Folkestad-bygda.

Innhaldsrik dag

Rikke Blomberg, June Hodneland, Mathias Terøy Finnes og Marianne Vatne fortel om ein innholdsrik dag på Folkestad.

Gaid Sølvi Bjørneset selde bygda godt, og kunne på vegen opp til inntaksdammen til kraftverket by på historier om både brusfabrikk og gardsdrift i bygda.

– Ein innhaldsrik dag, er konklusjonen til ungdomane. Rikke Blomberg, June Hodneland, Mathias Terøy Finnes og Marianne Vatne har akkurat fått servert både frukt og Brænne-saft frå Brænne-sjefen sjølv, Martin Brænne.

Brænnesaft: Servering av brænnesaft til tørste elevar av Brænne-sjefen sjølv, Martin Brænne.

– Det har vore ein koseleg tur, og veldig fint å få utforske Folkestad litt nærare, seier dei.

Reportasjen er hentet fra Mørenytt, 13. juni 2016: https://www.morenytt.no/nyheiter/2016/06/13/160-p%C3%A5-kraftverk-bes%C3%B8k-12874351.ece

Tekst og foto: Janne-Marit Myklebust

Filed Under: Ukategorisert

Footer

Kontakt informasjon

Folkestad Kraftverk AS
6120 Folkestad.

Tlf: 93817561, eller ved å sende en epost til: post@folkestadkraftverk.no

 

Siste innlegg

  • Folkestad Kraftverk
  • 160 på kraftverk-besøk

NYTTIGE LINKER

http://www.fadumtekniske.no/
http://www.bnturbin.no/
http://www.hitzinger.at/en
http://www.hburo.no/
http://www.hmelektroautomatikk.no/

  • Om Folkestad Kraftverk
  • Historie
  • Kontakt oss

© 2022 · Folkestad Kraftverk · Logg inn